Takomaha - NO_CLIP

Coverdesign: Kristoffer Lundberg

I dag har me ein råfeit premiere til dykk, folkens.

Eg har vore stor fan av Takomaha sidan starten. Denne låta forandrar absolutt ikkje på det. “NO_CLIP” kjem ut om to dagar, men me er så heldige at me kan få servere dykk denne bautaen av ei låt litt i forkant.

Eg skal ikkje sei så mykje meir, anna enn at låta er både kraftig, seig og fengande, med botnsolid vokal og deilig riffing. Det kan også nemnast at låta er miksa og mastra av Nick Terry.

Kos deg!

Patrick Fardal