Leiaren: Tusen, tusen takk for at de har redda oss!

Dette er ikkje heilt enkelt å skriva om. For det første er eg rusten. For det andre, så er det vanskeleg å finna ord som er gode nok til å beskriva kjensla eg har inni meg akkurat no.

For omlag ein månad sidan så sa eg til redaksjonen min at økonomien ikkje var slik som før, og at det å skulle dra midlar til drift av nettside frå eiga lomme ikkje lengre var mogleg. Heilt sidan 2016 så har Evig Lyttar vore drifta av lidenskap. Me har omlag aldri spurt om noko tilbake for den jobben me gjer.

Det var då Live hamra i bordet med Spleis. Ho tok ansvar for å oppretta, skriva tekst og køyra på. For ein helt.

Her er teksten;


Alle pengene som samles inn vil gå til å drifte musikkblekka Evig Lyttar

Påkaller grasrota i undergrunns-musikknorge!

Evig Lyttar har i 9 år vært en solid musikkblekke på nett, og har gitt band og artister fra undergrunnen en plattform å skinne på. Musikkentusiaster har fått oppdage og bli kjent med ny og spennende norsk musikk gjennom anmeldelser av lydfestet materiale og konserter, intervjuer og mer eller mindre kjente gjesteskribenter. Gjennom disse årene har Evig Lyttar bygget seg opp et respektert renommé som en pålitelig kilde til lytternes nye musikalske besettelser, og bidratt til å løfte frem ny undergrunnsmusikk.

Evig Lyttar bygges på et idealistisk fundament. Vi ser på det å skrive om undergrunnsmusikk som et viktig samfunnsoppdrag - det er altfor mye bra som skjer i skyggene av The Voice, P3 og Telenor Arena til ikke å skrive om! Kostnader tilknyttet drift har til nå gått ut av lomma til redaktør Patrick, og alle skribentene jobber på frivillig basis. Vi merker alle at lønna ikke rekker like langt nå som før, dette gjelder også for Evig Lyttars redaksjon. Vi er lidenskapelig opptatt av å spre undergrunnsmusikken til folket, men nå står altså blekka i fare for å møte sitt endelikt, fordi ting rett og slett ikke lenger er økonomisk forsvarlig.

Vi vil fortsette å ha denne arenaen hvor vi kan dele, lytte og glede oss over alt det særegne, vakre og råe som skjer i de mørke kriker og kroker av hele musikknorge. Hjelp oss å realisere dette, og bli en del av en viktig byggestein i det norske musikkmiljøet!

Vi har satt et mål om å nå 3000 kroner for denne spleisen, da det vil dekke årets kostnad for å opprettholde nettsiden. Dersom vi overstiger målet, vil alt av overskudd gå direkte til videre drift for å holde Evig Lyttar flytende i overskuelig fremtid - helst for alltid <3


Altså, eg kunne ikkje forklart det betre sjølv. For ein penn!

Men altså, det som skulle koma ut av dette hadde eg aldri sett føre meg i mine villaste fantasiar. Når denne spleisen blei oppretta sat eg på toget til Sverige for å gå på IDLES-konsert. Det var liksom kjekt nok det - men det å kunne følgje med på spleisen var i ein heilt eigen liga! Det berre steig og steig. Etter eitpar timar hadde me nok pengar til å drifta nettsida for neste år. På slutten av tida (for nokre dagar sidan) hadde me sikra drifta for omlag 3 (!!) år! Dette er definitivt noko av det sjukaste, råaste og mest rørande eg har vore med på.

Eg vil takka alle som har sponsa oss, som har delt, som har støtta oss for at me skal kunne drifta vidare. Det betyr meir enn de anar! No kjenner eg på ein ro og ein glede over Evig Lyttar - ikkje bekymringa for om me klarar oss eller ikkje.

Tusen takk, alle saman. De er verdas beste folk!

Og tusen takk til redaksjonen - Sondre, Jarand, Marius, Åsmund, Pernille, Preben og Live - utan dykk så hadde ikkje noko av dette gått rundt. Takk for at de donerer både tid, blekk og den enorme lidenskapen de har for den norske musikkscena - eg blir heilt mållaus. Det er nettopp dette og dykk som skil oss ut og som gjer at folk vil hjelpa oss fram - det håpar eg de veit.

Evig Lyttar køyrer på framover, betre enn nokon sinne! Det er ufatteleg godt å kjenna på.

Her er nokre ord frå Live, Pernille og Jarand også:

Live; Takk til alle som har bidratt, nå er blekka reddet i nesten tre år fremover! Merker allerede at redaksjonen har fått et nytt og produktivt giv. Kjærleik!

Pernille; Jeg er glad for at jeg får bruke min musikkinteresse til å være med på morroa med den fine gjengen her. Stor takk til alle som donerte spenn til blekka! Vi gønner videre.

Jarand; Det er så deilig å sjå at folk engasjerer seg for EL! Ein nettstad som er like viktig no som då eg byrja her for åtte år sidan. Kjærleik og takk frå ein evig undergrunnsbeskyttar.

Patrick, Live, Pernille, Jarand, Åsmund, Sondre, Preben & Marius