Redaksjonens 10 viktigaste plater: Patrick
Her er Patricks topp 10 plater!
Read MoreHer er Patricks topp 10 plater!
Read MoreHer er Bjørnars 10 viktigaste plater!
Read More
Black Pop Records
Du heilage skurregitar så kjekt det er å få tilsendt ein slik EP. Det er så forbaska digg at fleire folk lagar slik musikk! Duoen består av Terje Vea Torkellsen og Emil Kjærnli (Mats Wawa). Bandet har sluppe debut EPen Hard Candy via Black Pop Records, ein betre match finst eigentleg ikkje. Som du kanskje forstår så er eg veldig positiv til denne EPen. Faktisk så er eg så positiv at eg ikkje klarar å anmelde dette eller gi det ein karakter. Eg ser meg rett og slett nødt til å skrive ei anbefaling. Og ja, eg veit at Hard Candy kan høyres litt «innpakka» og «boksete» ut her og der, men det føler eg liksom at skal være ein del av lydbilete.
Bass. Skurr. 60s vokal. Basseng. Strandliv. Eg ser meg sjølv sprade rundt i den kortaste badeshortsen eg har i det deiligaste solskinet med den diggaste vennegjengen og den beste drinken i handa. "The One Yull Call" gir meg så godt humør at eg ikkje klarar å sitte stille. Bassen er så tydeleg og fin at eg får frysningar langt nedover ryggen. "I Really Love Rock" sender meg rett til 50-talet med skinnjakke, sleik og tannpirkar i kjeften. Eg ser føre meg at jenta i mitt liv i polkadottkjole med ein milkshake i handa og knallraude lepper står og vinkar til meg mens eg dreg kammen min gjennom håret. Gode kjensler der altså!
Som om ikkje dette var nok får du jaggu servert litt punkrock også. "Not Good At Having Fun" har eit av dei råaste riffa eg har høyrt på ei stund. Eg får skikkeleg tidleg Blink 182 vibber i starten, sjølv om vokalen kjapt seier ifrå at dette ikkje er noko poppunk-greier.
EPen blir avslutta med ein skikkeleg fin powerpop-ballade, "Show Me Your Heart". Seriøst. Denne kraftduoen må ta turen til Stavanger snart. Eg har soveplass! Det kan aldri bli for mykje skurr. Gi meg meir! Gi meg masse, masse meir.
Patrick Fardal
Det er så kult å sjå at så mange undergrunnsfestivalar lagar liv i leiren. Klåa er ein av desse. Det som er trist, er at festivalen går av stabelen for andre og siste gong no den 23.juni. Festivalen blei starta som eit plaster på såret for dei som ville selge Tons Of Rock passa sine då Blink 182 kansellerte fjorårets gig i Halden:
“Vi var ekstremt pissed off da Blink kansellerte at vi rett og slett, på to uker, samlet 11 skatepunk-relaterte band og bygde en liten scene i hagen til Anton Ruud på Harestua. Det ble en kjempesuksess og vi reddet livet til ca 150 triste Blink-182 fans. Det tok vel 30 minutter inn i festivalen før jeg oppdaget at noen hadde laget en “Vi som krever Klå’a ‘18” gruppe på Facebook og bare et par dager etter fjorårets festival bestemte vi oss for å gjøre det igjen.”
Det blir altså ein ny Klå'a i måro, men det blir den siste. Band som Korrupt, Forgetaboutit, Still Shaking, Exploding Head Syndrome og The Skullingtons deltek, så dei som likar punk burde ta turen dit. Quarterpipen er ferdig bygd og går rett ut i vatnet, så det burde jo bli kanonkjekt. Det oppfordrast til å ta med sin eigen øl og litt til banda, sidan dei tross alt opptrer gratis. Grillmat bør også medbringast, venuen stiller med tønnegrill.
Ta deg ein tur, nyt god musikk, mat og drikke og kast deg i sjøen! Støtt opp, for svarte svingande.
Patrick Fardal
Redaksjonens favorittar frå mai!
Read MoreApril hadde sjukt mykje bra å by på. Sjekk ut redaksjonens favorittar her.
Read MoreSit du og lurar på kva du skal ha med deg på festival i sommar? Sjekk ut dette.
Read MoreLitt info om Evig Lyttars rolle under Fjellparkfestivalen og eit solid artistslepp
Read MoreRedaksjonens favorittar frå Mars!
Read MoreJarand anbefalar ein rykande fersk EP du bør sjekka ut!
Read MoreEksklusiv prestream av Tempels komande fullengdar!
Read MoreInternettpremiere på dokumentaren om Svolværs hardcoreorkester Nord Mot Nord! Ikkje gå glipp av dette. (Foto: Brennviddefoto)
Read MoreRedaksjonens toppvalg frå januar!
Read MoreDANGERFACE (Evig Lyttar Livesessions)
Read MoreRikke anbefalar Glutton sin nyaste fullengdar.
Read MoreKva har Hallgeir i posen sin?
Read MoreBjørnars toppliste!
Read MoreTopplista til Fritz-Ragnvald!
Read MoreJarands toppliste frå året som har gått!
Read More